Sportsleg utval 2017-2018

Namn Telefon
Sportsleg leiar: Olav Hatlemark 415 50 305
Medlemmar: Hilmar Guðlaugsson 484 05 620
Elisabeth Aase Aven 917 00 099
Eva Endestad Orheim 901 52 220
Lill-Therese Kristiansen 478 17 558
Bjørn Wefring 900 96 360
Kjell Hovland 971 99 685
Marco Schaarschmidt 908 35 852

16 bod  for den sportslege drifta av Florø Sk handball

Verdiar:
1) Vi har plass til alle.

2) Fair play-verdiar og omtanke for sunn helse skal ligg i botn for alt vi gjer. Vi spelar og driv klubben etter norsk handball sine verdiar; «Begeistring, innsatsvilje, respekt og fair play.»

3) Dei yngste skal leike seg til handballglede og ferdigheiter. På barnestadiet oppmuntrar vi til allsidige aktivitetar og til deltaking i andre idrettar og.

4) Trenarane skal leie laga sine med positivitet og optimisme. Korreksjonar skal i størst muleg grad vere positivt ladda. Personleg kritikk frå benken i andres påhøyr er ikkje lov – spesielt ikkje i yngre årsklasser. Men det skal sjølvsagt vere lov til å seie frå om nokon oppfører seg dårleg eller destruktivt. Om det er sjanse til det tek vi dei då ut av gruppa og snakkar dei til rette på tomannshand.

5) Vi ungane /ungdommane og trenarane leiarane skal stå fram på ein positiv måte på bana og elles. Og det på eit vis som gjer at foreldre, klubb, sponsorar og lokalsamfunn kan vere stolte av oss.

6) Vi hjelper kvarandre med mannskap frå yngre årgangar om årsklasser over oss har problem med å stille lag. Dette er særleg aktuelt frå 13-14 års-alder.

7) Vi brukar gymsalane på skulane til dei yngste opp til og med 3. klasse. Det gjev plass til fleire og enklare logistikk for foreldra og støttar lokamiljøet. Seinare mixar vi laga litt etter geografi og litt etter ferdigheiter om dei vert mange.

Topping:

8) Opp til 14 år skal vi halde folkus mest på å utvikle ferdigheiter framfor å tenke resultat.

9) Det er ikkje lov å toppe lag før 14-årsklassen. Derimot vert det oppmuntra til ei viss differensiering i mindre delar av treningstida og til å sette saman grupper som har om lag same nivå og ferdigheiter.
Har vi mange lag i ein årsklasse skal dei setjast saman slik at dei vert jamne. Har vi tre lag i ein årgang 14+, skal berre det eine vere toppa på grunnlag av treningsinnsats og frammøte. Dei to andre laga skal settast saman slik at dei vert jamne. Men frå 13 år oppmuntrar vi  samstundes  dei mest treningsvillige til å delta i seriene for årgangen over i eit samarbeid med laga/trenarane  som høyrer til i desse årsklassene.

Treningsmengde og halltid

10) Frå 6 til og med 9 år tilbyr vi ei trening for veka i gymsal, pluss 4 større samlingar for alle på andre dagar i stor hall i tillegg til turneringar.

Frå 10 til 12 år tilbyr vi to treningar per veke, der minst ein av desse bør vere i stor hall.
Frå 12 til 14 tilbyr vi tre treningar i hall per veke. To x stor hall og ein gong i mindre hall. Spesielt motiverte spelarar skal få tilbod om hospitering i årsklassa over ein gong for veka. Dei bør vere minst to om gangen. Spelarane sine faste trenarar bør helst vere med. Hospitering skal tilbydast heilt opp til seniornivå.
Frå 14 + tilbyr vi fire treningar per veke. Men her skal og vere plass til dei som vil trene mindre. Mindre grupper bør kunne greie seg med halv hall til delar av treningane sine, for at alle grupper skal få nok tid i stor hall.
11) Store grupper over 15 aktive bør ha meir enn ein trenar om dette let seg gjere.

Tufta på Kunnskap

12) Treningstilboda våre skal vere kunnskapsbaserte så langt dette let seg gjere. Det betyr at alle som trenar yngre lag bør ha aktivitetsleiarkurs som eit minimum. Dei som trenar lag frå 12 år og oppover, bør ha Trenar 1-kurs, (gammalt trenar 2) eller tilsvarande realkompetanse. For dei som trenar lag 14 + er dette eit absolutt krav.

Sportslege mål

13) Vi er stolte av flaggskipa våre. Alle skal vere med og bidra til at kampane til damelaga og herrelag våre får gode rammer. Herre og damespelarane våre skal stå fram som gode føredøme og også vere med på å hjelpe til litt nedover i aldersrekkene.
For dei neste to åra er målet å stabilisere damelaget i 3.divisjon og rykke opp til 3, divisjon med herrelaget. Vi oppmuntrar til at flest muleg av dei yngre er med på Sis- og regionale samlingar. Vi gjer det vi kan for å utvikle gode treningskulturar.

Styrestyrt.

14) Florø Sk handball skal vere styrestyrt, men vere bevisst at godt samarbeid med engasjerte trenarar og aktive foreldre er vilkåra for god drift og gode resultat. Sportsleg utval (SU) skal vere styrets fremste rådgjevar når det gjeld dei sportslege tilboda. Men SU skal også vere eit klageorgan ved konfliktar i og mellom gruppene.

Skolering

15) Florø Sk handball driv aktiv skulering og rekruttering av trenarar og dommarar gjennom 5-6 årlege obligatoriske impulssamlingar og kurs. Alle 14-åringar og aktivitetsleiarar skal ha aktivitetsleiarkurs, og praksis med å leie SFO-grupper ein time for veka frå oktober til Påske. Alle 15-åringar skal gjennom eit kampleiarkurs. Målet elles er å rekruttere minst 2 nye dommarar til dommar 1 kurs kvart år.

Fleksibilitet
16) Det er eit mål å strekke oss så langt det går med å legge treningstilboda til tider og dagar som best muleg passar inn med skuledagane til ungdommane våre. Treningar for ungdom under 16 år bør ikkje avsluttast seinare enn kl 2100 som hovudregel. Om muleg bør ein del treningar leggast i forlenging av skuledagen til dei som går i ungdomsskulen.

Florø 27.09.2017

Styret i Florø SK Handball